I denne øvinga skal vi studere korleis meitemarken reagerer på stimuli som lys og temperatur. Det er viktig å gjere forsøket utan å plage dyra, og sleppe dei ut igjen når forsøket er ferdig.
Teori:Åtferda til mange artar er ofte ei blanding av nedarva og tillærte måtar å reagere på. Med åtferd meiner vi både spontane reaksonar som blir kalla refleksar, sinnsstemningar og kompplisert åtferd som vandringar, paringsritual og andre former for sosialt samspel. Det vi kallar instinkt, er nedarva åtferd som gir faste reaksjonsmønster. Evna til å lære også nedarva, men læring gjer at organismen kan tilpasse åtferda si etter erfaringar den gjer. Det handlar om å overleve, td ved å unngå å bli spist, derfor er det dei individa som best meistrar desse utfordringane, er dei som overlever og fører gena sine vidare. Evolusjonen resulterar i ei åtferd som er mest mogleg optimal ut frå miljøfaktorane i området den lev i. Åtferda hos enklare dyr er som oftast automatisk, men læring er ein viktig del av åtferda til nesten alle organismar.
Utstyr:
- Levande meitemark
- Glasrøyr, min. 1-2 cm i diameter
- Teip
- Lampe
- BomullBlått papir
- Isbitar
Del A - reaksjon på lys
Framgangsmåte:
Meitemarken fekk krype inn i eit glasrøyr og deretter vart det dekt med mørkt papir i begge endar, slik lys ikkje slapp inn. Ei lampe vart montert, slik at ho lyste på den delen av glasrøyret som ikkje var dekt med papir, og det vart registrert om og korleis meitemarken reagerte. Papirrøyret vart flytta slik at ulike delar av marken fekk lys og det vart registrert om dei ulike kropsdelane til marken reagerte på lyset.
Resultat:Den første marken ville ikkje bevege på seg, så det vart henta ein ny. Den nye meitemarken likte ikkje lyset og ålte seg raskt inn i skuggen. (på rekord tid)
Konklusjon:
Meitemarken likte ikkje lyset og dette er på grunn av overlevelses-instinkt som er nedarva.
Feilkjelder:
- Skada eller død meitemark
- Feil bruk av lys
- For lite skugge
- Mark i sjokktilstand
Del B - reaksjonar på temperatur
Framgangsmåte:Meitemarken vart slept inn i eit glasrøyr som hadde lege til avkjøling i frysaren. Bomull vart lagt i eine enden i glasrøyret og røyret vart lagt på isbitar i ein plastbakke. Ei god lupe vart brukt for å telje kor mange samantrekkingar det var i kroppen til marken per minutt og det same vart gjort når røyret hadde oppnådd romtemperatur, og resultata vart samanlikna.
Diskusjon:Meitemarken søkte vekk frå kulden fordi det er instinkt. Dei "veit" at dei er meir utsette for å døy dersom det er kaldt og i naturen så kryp marken langt ned i bakken om vinteren der det er varmare enn oppe på bakken. Markar produserer eit frostvæskeliknande stoff som gjer slik at den kan tole temperaturar like under null, men ved vedvarande kulde vil dei døy. Dette instinktet har blitt utvikla over fleire generasjonar, ved at dei som har søkt bort frå kulde, er dei som har overlevd og derfor fått føre gena sine vidare.
Konklusjon:
Meitemarken likte ikkje kulde og dette er på grunn av overlevelses-instinkt som er nedarva.
Feikjelder:
- Skada eller død mark
- Feiltemperert glas
- For lite bomull
- Meitemark i sjokktilstand
- For lite is
Kjelde:http://www.namdalsavisa.no/Magasin/Friluftsliv/Naturen/article5355193.ece
Bios 1