onsdag 9. januar 2013

Reaksjonstid



Formål og Teori
Med dette forsøket skal vi teste reaksjontiden. Vi skal altså finne ut kor lang tid det tar for hjerna vår sanser hendelsen til man utfører handling. Dette blir styrt av nervesystemet vårt, og reaksjonstiden varierer fra person til person. 

Hypotese
Vi trur reaksjontiden vår er ca 0,5 sek.

Utstyrsliste
Linjal
Lommerekner

Framgangsmåte
Vi ville finne ut reaksjonstiden våra. Vi trengte 2 personer om gangen, der den eine holdt linjalen og den andre skulle ta imot. Den som holdt linjalen skulle holde linjalen slik at øverste punkt på handa skulle være parallellt med 0 cm på linjalen. Deretter skulle personen slippe linjalen, mens den andre tar imot. Da leser man av kor på linjalen handa greip tak. Vi gjor dette 10 ganga kvar for å finne ut gjennomsnittslengda.


Resultat

                                              Asbjørn                                   Anette                       Iselin
1
45cm
37cm
45cm
2
30cm
33
15
3
33cm
8
20
4
25cm
23
17
5
56cm
24
13
6
21cm
24
23
7
23cm
18
17,5
8
25cm
21
17
9
22cm
21
21
10
16cm
14
21
gjennonsnitt
28,0cm
22,8cm
18,9cm
Meter
0,28m
0,23m
0,189m

Vi brukte formelen:  reaksjonstid (t) = ½ (  2 x ( lengd / 9,81) ) 
Asbjørn: reaksjonstid på 0,24 sek
Iselin: reaksjontid på 0,22sek
Anette: reaskjonstid på 0,20sek

Konklusjon:
I hypotesen vår trudde vi reaksjontida vår var 0,5 sek, men den var altså dobbelt så kort.

Feilkjelder:
-         Unøyaktig måling, eller startspunkt.
-         At enkelte er mer forberedt på hva som skjer, og vil dermed være raskere. 

Blodgrupper i AB0- systemet


Formål:
I dette forsøket skulle vi lære om AB0- systemet og korleis ein kan teste blodtype. Vi skulle også finne ut kva blodgruppe vi har i AB0- systemet.

Teori:
I AB0-systemet er det fire blodgrupper: A, B, AB og 0. Blodgruppa får bokstavar eller antigena som sit på blodcellene. I blodserumet(væska) finst det karakterisert antistoff. Antistoffet anti-A får blodceller frå blodgruppe A til å klumpe seg saman. Den same reaksjonen skjer mellom anti-B og blodceller av gruppe B.


Utstyrsliste:
-          Blodlansett (steril)
-          2 tannpirkarar
-          Bomull
-          Anti- A- serum
-          Anti- B- serum
-          Sprit
-          Objektglas
-          Papirserviett

Framgangsmåte:

1. Arma skulle henge ned og ristast kraftig i nokre sekund, før ringefingeren vart vaska med sprit.

2. Lansettspissen vart stukken inn på sida av fingertuppen med ei rask og fast rørsle, og pressa deretter ut blod på eit objektglas. Glaset vart merka med “Anti- A og “Anti- B”. For å stoppe blødinga trykte vi ein bomullsdott mot såret.

3. Det vart drypt ein drope Anti- A- serum på bloddråpen ved A- merket og ein drope Anti- B- serum på den andre bloddråpen.

4. Serumet og bloddråpen vart blanda ved å røre med ein tannpirkar. Ein tannpirkar til kvar blanding.

5. Dersom blodcellene agglutinerte, blei dråpen kornete. Det skulle takast notat om blodet agglutinerte når det reagerte med Anti- A og Anti- B.

6. Då fann vi ut kva blodtype vi hadde. Vi fann også ut kva blodgrupper klassa hadde og kva fordelinga i den norske folkesetnaden var.



Figur:



  







Resultat:

Asbjørn: Blodet klumpa seg når eg hadde på antiserum for A. Når det vart tilsett antiserum for B, vart det berre flytande.
Anette: Blodet klumpa seg når eg hadde på antiserum for A. Når det vart tilsett antiserum for B, vart det berre flytande.
Iselin: Blodet klumpa seg når eg hadde på antiserum for A. Når det vart tilsett antiserum for B, vart det berre flytande.



Diskusjon:
Å ha blodtype A er ein fordel, for då kan ein få blod frå folk som har A eller 0. Dei som har blodtype 0 derimot, kan berre få frå 0. B kan få frå 0. AB kan få frå 0, A, B og AB. Men kvifor er det slik at vi har ulike, og somme har lik blodtype? Betyr det at vi har akkurat same blod som ein anna person? Nei det er ikkje slik, det er mykje som spelar inn, sjølvsagt er det visse ting som er likt, for ellers kunne ein ikkje fått inn ein annan sitt blod i seg sjølv. Eit spennande tema.
Her ser vi fordelinga på blodtype i klassa og i Noreg.


Antal
%
% i Noreg
A
8
36
48
B
2
9
8
AB
0
0
4
0
12
55
40


Feilkjelder:
-          For lite blod og for mykje anti- serum, eller omvendt.
-          Unøyaktig avlesing.
-          Blodet tørka før det vart blanda med anti- serumet.
-          Bytting av anti- seruma, slik at det vart motsett blodtype av det ein eigentleg har.


Konklusjon:
-          Dette var eit spennande forsøk. Vi fann ut at vi har blodtype A, ein blodtype som er veldig vanleg i Noreg. Det er vi glade for. Dersom vi skulle bli sjuk eller komme utfor ei ulykke der vi mistar mykje blod, er det mange vi kunne fått blod frå.



Lysmikroskopet

Føremål: 
Hensikta med øvinga er å øve på bruk av mikroskop og lære meir om korleis planteceller er oppbygde.

Teori: 
Lysmikroskopet består av linser som finst i eit okular nærmast auget ditt, og fleire linser i objektiva. Linsene i okularet forstørrar kanskje 10 ganger, medan objektiva forstørrar 4,10 og 40 ganger. Den totale forstørringa blir då på 40,100 og 400. Ved hjelp av mikroskop kan vi observere cellekjernen, celleveggane og cytoplasmaen i cellene på laukskalet.

Planteceller skill seg frå dyreceller ved at dei har cellevegg, kloroplast og vakuole. I mikroskopet er det lett å sjå celleveggen og cellekjerna, og i nokre celler kan ein og sjå vakuoler og cytoskjelett.



Framgangsmåte: 
Først såg vi på en liten bit av eit millimeterpapir, for å sjå kor mykje dei ulike objektiva dekker.
Deretter lagde vi eit preparat, der vi skulle studere laukceller. Eit preparat lagar ein ved å leggje det ein skal sjå på, på eit objektglas, dekker det med ein dråpe vatn og så eit dekkglas og deretter plassere det heile på objektbordet. For å få fram eit tydeleg bilete av laukecella, regulerte vi lysinngangen med lysblendaren.


Utstyr: 
- Lysmikroskop
- Millimeterpapir
- Dropeteljar med vatn
- Objektglas
- Dekkglas
- Noko å sjå på, i detta tilfellet laukskal.

Resultat: 
Studie av millimeterpapir:
10x4 = 3,5 ruter
10x10 = 1 rute
10x40= 0 ruter

Studie av laukskjela:
Hudlag på oversida

                             
                       4*10                                           10*10                                          40*10

Hudlag på undersida
                       4*10                                           10*10                                           40*10


Diskusjon
Det er vanskeleg å sjå dei ulike organellane i ei plantecelle ved hjelp av lysmikroskop, men trass i dette klarte vi å sjå forma på plantecella. Teoretisk sett skal det vere mogeleg å sjå vakuoler, men det såg vi dessverre ikkje.
Oversida har ein gyllen lillafarge, medan undersida er meir gråleg(sjå bilete ovanfor).


Konklusjon
Forsøket var vellykka.

Feilkjelder
Dårleg hudlag av lauk
Luftbobler i preparat
Skittent objektglas
Dårleg syn
For lite lys
For mykje lys
Feil innstilling