Hensikta med øvinga er å øve på bruk av mikroskop og lære meir om korleis planteceller er oppbygde.
Teori:
Lysmikroskopet består av linser som finst i eit okular nærmast auget ditt, og fleire linser i objektiva. Linsene i okularet forstørrar kanskje 10 ganger, medan objektiva forstørrar 4,10 og 40 ganger. Den totale forstørringa blir då på 40,100 og 400. Ved hjelp av mikroskop kan vi observere cellekjernen, celleveggane og cytoplasmaen i cellene på laukskalet.
Planteceller skill seg frå dyreceller ved at dei har cellevegg, kloroplast og vakuole. I mikroskopet er det lett å sjå celleveggen og cellekjerna, og i nokre celler kan ein og sjå vakuoler og cytoskjelett.
Framgangsmåte:
Først såg vi på en liten bit av eit millimeterpapir, for å sjå kor mykje dei ulike objektiva dekker.
Deretter lagde vi eit preparat, der vi skulle studere laukceller. Eit preparat lagar ein ved å leggje det ein skal sjå på, på eit objektglas, dekker det med ein dråpe vatn og så eit dekkglas og deretter plassere det heile på objektbordet. For å få fram eit tydeleg bilete av laukecella, regulerte vi lysinngangen med lysblendaren.
Utstyr:
- Lysmikroskop
- Millimeterpapir
- Dropeteljar med vatn
- Objektglas
- Dekkglas
- Noko å sjå på, i detta tilfellet laukskal.
Resultat:
Studie av millimeterpapir:
10x4 = 3,5 ruter
10x10 = 1 rute
10x40= 0 ruter
Studie av laukskjela:
Hudlag på oversida
Hudlag på undersida
4*10 10*10 40*10
Diskusjon
Det er vanskeleg å sjå dei ulike organellane i ei plantecelle ved hjelp av lysmikroskop, men trass i dette klarte vi å sjå forma på plantecella. Teoretisk sett skal det vere mogeleg å sjå vakuoler, men det såg vi dessverre ikkje.
Oversida har ein gyllen lillafarge, medan undersida er meir gråleg(sjå bilete ovanfor).
Konklusjon
Forsøket var vellykka.
Feilkjelder
Dårleg hudlag av lauk
Luftbobler i preparat
Skittent objektglas
Dårleg syn
For lite lys
For mykje lys
Feil innstilling
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar